KVALITET | TRYGGLEIK | PROFESJONALITET

VI HANDTERAR DITT PROSJEKT FRÅ START TIL SLUTT


HBV Betong AS har kontor i Førde på Øyrane og leverer kvalitet til konkurransedyktige prisar.
Fornøgde kundar er alltid i fokus når vi utfører eit oppdrag.

Vi tek på oss oppdrag innan betongarbeid for industribygg, fjøs/landbruksbygg, kraftverk, einebustadar og mindre oppdrag som støttemurar, garasje, hage og liknande. Vi har pr. idag 17 tilsette fordelt på administrasjon, fagarbeidarar, hjelpearbeidarar og lærlingar.

HBV Betong AS innehar sentral godkjenning i tiltaksklasse 2 som utførande betongentreprenør og på
utførande på tømrar i tiltaksklasse 1.

Send oss gjerne ein uforpliktande forspørsel for ditt oppdrag!

 
HBV Betong AS

Om oss

Vi utfører betongarbeid på industribygg, fjøs/driftsbygningar, kraftverk og einebustadar, men tek også mindre oppdrag i forbindelse med hage, garasje, støttemurar og liknande for både offentlege og private.

HBV Betong AS utfører betongarbeid og betongkonstruksjonar for privat og offentleg sektor i heile Sogn og Fjordane. Vi har kontor i Førde med 17 tilsette, og leverer kvalitet til konkurransedyktige prisar. Fornøgde kundar er alltid i fokus når vi utfører eit oppdrag.

Historia til HBV Betong AS starta med at Dvergsdal & Sunde Betong vart etablert i 2004 av Dvergsdal & Sunde Bygg, Geir Heggheim og Åge Heggheim. Andrè Sunde var dagleg leiar fram til 2007, då Ingvar Bell gjekk inn som dagleg leiar og medeigar. I 2016 endra vi namn til HBV Betong AS, og utanom namneendringa, var det berre eigarsamansetninga som vart annleis. I dag er Ingvar Bell dagleg leiar, og eig HBV Betong AS saman med Geir Heggheim, Åge Heggheim og Egil Vallestad.

Verdiane frå oppstarten er vidareført, og saman tilbyr vi lang og brei erfaring innan betong- og byggebransjen. Vi har årleg rundt 25 millionar kroner i omsetnad.

 

 

PROSJEKTGALLERI

Her viser vi eit knippe bileter frå nokon av våre prosjekt av forskjellige oppdragstypar.
Ein av våre største styrker er stor breidde i type oppdrag, lang erfaring, høg kompetanse,
nøyaktigheit til minste detalj og fornøgde kundar!
Vi utfører betongarbeid og betongkonstruksjonar for privat og offentleg sektor i heile Sogn og Fjordane.

 
 

Vi tek på oss alle oppgåver innan betongarbeid.
Gratis og uforpliktande synfaring/befaring.



SEND FORESPØRSEL